Minority Report

Med mannen som seinare har blitt sektmedlem og framstilt som galen, Tom Cruise. Basert på ei bok av mannen som også har gitt oss historier som har ført til Total Recall og Screamers, Philips K. Dick. Og regissert av mannen bak Jurassic Park, Steven Spielberg.

Minority Report er filmen om politimannen John Anderton (Tom Cruise) som jobbar i ei avdeling som tar seg av forbrytarar av mord som ikkje har skjedd enda.

Ein dag dukkar han sjølv opp på skjermen som mordar, og kan sjølvsagt ikkje tru det han ser. Han rømmer sin veg før kollegaene får snusen i saka, og startar etterforskinga på kvifor han skulle finne på å drepe nokon. Slik får han snusen i noko som blir kalla minority report, som er saker der tre menneske med spesielle evner forutser mord for politiavdelinga har vore ueinige, og som kan vere med på å reinvaske han.

I beste Philip K. Dick-ånd er dette eit science fiction der handlinga går for seg nokon år inn i framtida. Med Steven Spielberg og Tom Cruise om bord er det også eit svært påkosta prosjekt med mange spesialeffektar. Heldigvis er historia så interessant at effektane blir hjelpemiddel for å fortelja han heller enn berre pynt. Alt i alt ein godt gjennomført film.

Minority Report 2002 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. august 2006 av

Regissør

Steven Spielberg

Manusforfattarar

Philip K. Dick, Scott Frank, Jon Cohen (I)

Skodespelarar

Tom Cruise, Max von Sydow, Steve Harris (I), Neal McDonough, Patrick Kilpatrick, Jessica Capshaw, Richard Coca, Keith Campbell (I), Kirk B.R. Woller, Klea ScottVis alle 154 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Krim, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Minority Report