Miracle on 34th Street

Film · 1947 · · 22. desember 2011
4/5

Miracle on 34th Street handlar om å tru på julenissen, og om retten til å vere julenissen. Når ingen trur på at Kris Kringle (Edmund Gwenn) er julenissen så må ei rettssak til for å bevise det.

Miracle on 34th Street blei lansert i mai. Filmselskapet var overbevist om at filmen kunne tene meir som ein sommarfilm. Julenissen blei flytta bakarst på filmplakaten og kledd i normale klede. At filmen handla om jula blei ikkje nemnt i promoteringa.

Men Miracle on 34th Street er utvilsamt ein julefilm. Kris Kringle eller julenissen har teke seg ein tur til New York for å få folk til og tru på han igjen. I byen skapar han glede for både små og store. Som julenisse på kjøpesenteret Macy's blir han ein innbringande attraksjon. Men sjølvsagt trur ikkje folk at han er julenissen. At han stadig påstår det blir eit problem, og det endar opp med ei rettssak.

Gode erfaringar med eldre rettssaksfilmar gjer at eg ofte lyser opp når ein film tar den vendinga. Også i Miracle on 34th Street blir det rom til gode monologar. Men vel så viktig for filmen er det å følje Kringle og folka rundt han. Kringle har ein god effekt på folk, og kvardagen i førjulstida blir prega av små hendingar.

Miracle on 34th Street føyer seg inn dei førnøyelege rekker og passar godt nære jul.

Miracle on 34th Street 1947 plakat - Filmdagbok