Mischief

Film · 1985 · · 28. mars 2010
4/5

I havet av tenåringsfilmar frå 1980-talet er det fleire som har henta inspirasjon frå barndomen til ungdomskulturen. James Dean, rock 'n roll og swing, 1950-talet er lett å idyllisere på film, med ein samla ungdomsskare, der livet handlar om drive in-kinoar, diners og stemnemøte på fredag kveld.

Mischief føyer seg inn i rekka, og har mellom anna fleire likskapsstrekk med Rebel Without a Cause, som han stadig refererer til. Ved sidan av å handle om ein ny ungdom i byen, bilkøyring og motorsyklar, er dette ein film om 17 år gamle Jonathan, som gjennom eit nytt vennskap blir pressa til å utfordre det pysete, kvardagslege seg. Som mykje anna tenåringsfilm frå 1980-talet handlar det om å debutere, og ein klossete veg dit. Har du ei pyse og ein ny, tøff ungdom i byen, så har du òg den lokale bølla som slepp unna med mobbinga si.

Dei aller største stjernene er fråverande i Mischief, men filmen lykkast godt utan. Som periodefilm er han passe idyllisk, utan at det går utover handlinga. Handlinga er ikkje den mest originale, men ho engasjerer meir enn i den gjennomsnittlege tenåringskomedien, og har ingen tydelege svakheiter heller. Heilskapleg sett heng ting i lag her og resultatet er tilfredsstillande, og ikkje negativt prega av tiåret han blei laga i.

No set eg stor pris på både film som tydeleg skin gjennom som typisk 1980-talsfilm og meir tidlaus film frå perioden, så det er ikkje noko eg nødvendigvis trekk ned på, verken det eine eller det andre.

Mischief 1985 plakat - Filmdagbok