Misfits

Serie · 2009–2013 · · 22. desember 2014
4/5

Misfits er ein britisk ungdomsserie frå E4, underhaldningskanalen til Channel 4. Serien handlar om ei gruppe kriminelle ungdommar som gjer samfunnsteneste. Det spesielle er at ungdommane har overnaturlege krefter. Eit lyn treff gjengen i første episode, og biverknadane er individuelle krefter.

Ettersom dette innlegget opphavleg var skrive med tanke på tredje sesong, så vil dette innlegget i stor grad handle om den sesongen.

Tredje sesong har gjort eit par endringar. Robert Sheehan (Nathan) har blitt erstatta med Joseph Gilgun (Rudy). Ei tidlegare gjesterolle av Matthew McNulty (Seth) har komme tilbake i ei større rolle. Rudy er sjakktrekket til sesongen og viktig nytt blod. Personlegdommen hans skil seg ikkje så mykje frå den til Nathan, men han er mindre masete.

Utover i sesongen merkar eg at serien går på autopilot. Humoren er på plass, men det gode dramaet manglar. Dei beste episodane på tvers av alle sesongane er dei som går i djupna på karakterane. Tredje sesong fortel ikkje så mykje nytt.

Skins gjorde tiltak som hindra serien å ende opp som dette. I Skins blei alle bytt ut etter to sesongar, og dette blei gjentatt to sesongar etter det att. Det blei nyleg avslørt at Misfits blir forlenga utan Antonia Thomas (Alisha) og Iwan Rheon (Simon). Misfits kan halde seg viss nye og interessante karakterar blir introdusert, men oppskrifta blir den same.

Misfits gav seg etter fem varierte sesongar. Mest variasjon var det i karakterane, minst i faktisk handling. Men det er ein mørk og artig humor og tone ved serien, og fleire av karakterane er interessante nok til at dette fungerer også i lengda.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Misfits 2009-2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Nathan Stewart-JarrettJoseph GilgunIwan RheonVis alle