Miss March

Film · 2009 · · 7. januar 2010
2/5

Etter å ha tråla gjennom forslaga som Itunes har gitt meg når eg besøker sidene til filmar eg likar i Itunes Store, slår det meg at grensa mellom kva filmar eg likar og kva som er søppel er tynn. Det er då først og fremst snakk om komediesjangeren og den amerikanske butikken — som tilbyr utleige og kjøp av filmar.

Etter å ha tråla gjennom butikken eit par gonger til, vippar eg over mot at Itunes gir blaffen i kva samanheng det er mellom filmar, så lenge dei ligg i kategorien komedie. Eller at dei er sortert etter utforminga av plakaten.

Vanlegvis er det lett å styre unna det verste, etter å ha sett min del film veit eg kva eg skal sjå etter for å få noko betre, og utveljinga startar gjerne ved synet av plakaten eller eit par sekundar inn i ein filmtrailer. No skal det òg seiast at eg gir mange filmane ein rettferdig sjanse, som har ført til eit par bortkasta timar i løpet av dei seinare åra.

Poenget mitt er, for i dette innlegget er poenget viktigare enn filmen eg skal komme til, at i blant så vil forsvarsverket rakne. Under desperat lyst på å sjå ein komedie i går kveld, utan å ha nokon liggande, og utan å ha lyst til å bruke så altfor lang tid på og finne noko, blei eg villeia av ein tittel som Itunes anbefalte meg. Ein tittel som Itunes har anbefalt meg sidan første dag eg tok butikken i bruk, og som eg har styrt unna tidlegare, men som i går tok meg med grepet til tradisjonell marknadsføring: Den gjentakande påminninga av eit produkt. Eit produkt eg eigentleg ikkje har bruk for, men når eg stod der denne dagen og skulle velja, så tok eg det som verka kjent. Fordi det var så lett.

Miss March er filmen eg skal fram til. Og viss du ikkje trur på noko av det eg har skrive over, så har eg òg tenkt ut ei anna årsak for deg til at eg såg filmen, assosiasjonar til Playboy, ordet Unrated bak tittelen og ei halvnaken kvinne. Dette er det einaste filmen kan skilte med som korrekt av kva han påstår å vere, for han oppfyller få av krava til å bli ein kjekk film, men er heller som altfor mange middelmåtige komediar: To morosame scener og resten eit godt alternativ til ein app som skal hjelpe deg til å sove.

Miss March er dårleg på mange område. Det som stoppar meg frå å slakte filmen er i hovudsak dei morosame scenene, som viss eg tenker meg om ein gong til, var meir enn to. Det var nokon stader eg blei sittande og le lenge etter scena var ferdig, det må bli nemnt.

Når filmen nærma seg slutten og eg var sovna, så vil eg best skildre han som ei brødskive loff med syltetøy nok til ein einaste bit. Når du nærmar deg ferdig med brødskiva er sukkernivået i kroppen din så lågt igjen at du kjenner deg meir sliten enn når du starta.

Miss March 2009 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Zach CreggerTrevor Moore (VII)Raquel AlessiVis alle

Sjangrar

Land