Missing Link

Missing Link er ein så avansert animasjonsfilm som brukar punktfotografering at han ser ut som dataanimasjon. Det er imponerande og nydeleg å sjå på.

Historia til filmen er grei skuring. Det er ein fin og enkel film om eventyrarar, oppdagingar og det å finne ut kor du høyrer heime. Det er i hovudsak to saker eg reagerer på, som trekk filmen ned. Det er kor fort herr Link, som den sentrale skapninga heiter, glir inn i samfunnet. Her kunne det ha vore meir mystikk og spenning over lengre tid. Det andre er karakteren som herr Link er, kombinert med ei plagsam stemme. Han blir altfor lett plassert i rolla som komisk avbrekk.

Desse to negative merknadane er med på å redusere det eventyrlege og spennande med filmen. Han blir for typisk, der han kunne ha satsa på å vere noko nytt. Som var like nytt og spennande som ideen om at ein skapning som er koplinga mellom apekattar og menneske endå fanst.

Missing Link fungerer som ukomplisert og lite krevjande underhaldning. Men eg skulle gjerne sett at han var meir, og hadde innhald som traff på ulike kunnskapsnivå.

Missing Link 2019 plakat - Filmdagbok