Mission: Impossible - Fallout

Å gå opp vegen ved å skrive for mykje om historia i Mission: Impossible - Fallout vil vere fånyttes for å få fram greia med denne filmen. Det er ein actionfilm som i korte trekk handlar om å redde verda frå eit tankesett. Tankesettet er iverksett av ei gruppe som vil utrydde for å gi rom for ein ny start. Grepet som spenninga byggjer opp rundt er å skulle hindre bruken av atombomber.

Dette tar Ethan Hunt-karakteren som spelt av Tom Cruise til byar som Paris og London, og til fjellområde nord i India. Her er det biljakt, motorsykkeljakt, forkledningar, helikopterjakt og ein ørliten bit av personleg drama.

Det er i hovudsak ikkje noko nytt eller minneverdig ved innhaldet i Mission: Impossible - Fallout. Alt er som i tidlegare Mission: Impossible-filmar. Det er kurant underholdning, og bra laga action forsåvidt. Ein dose humor i ny og ne er det også. Og spenningssekvensane i seg sjølv er bygd opp godt, og byr på spenning. Men det er på ein måte alt.

Gjenbruk er eit godt ord for å skildre dette. Det funka ofte like greitt som når det var nytt.

Og så er det ein fin spionfilm som veg opp for den dystre retninga og det låge tempoet James Bond-filmane har hatt dei siste åra.

Mission: Impossible - Fallout 2018 plakat - Filmdagbok

Publisert

13. juni 2020 av

Merkelapp

Mission: Impossible

Regissør

Christopher McQuarrie

Manusforfattarar

Bruce Geller, Christopher McQuarrie

Skodespelarar

Tom Cruise, Henry Cavill, Ving Rhames, Simon Pegg, Rebecca Ferguson (I), Sean Harris (I), Angela Bassett, Vanessa Kirby, Michelle Monaghan (I), Wes BentleyVis alle 110 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Thriller

Land

USA, Kina, Frankrike, Noreg, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Mission: Impossible - Fallout