Mission: Impossible III

Film · 2006 · · 11. november 2006
4/5

Med nyheitene om at Tom Cruise og Paula Wagner har starta opp igjen United Artists i tankane sette eg med ned for å sjå den tredje filmen i Mission: Impossible-serien. Regissert av mannen bak Lost, J.J. Abrams, er Mission: Impossible III ein betre film enn forgjengaren i mine auger.

Tom Cruise er 44 år, men klarar seg utmerka i rolla som Ethan Hunt. Hunt, som er nygift og lev eit normalt liv på overflata blir i denne filmen kalla inn igjen i feltteneste for å redde ein agent som er fanga. Med utgangspunkt i dette blir han drege inn i ei mykje større sak.

Dette er ein god actionfilm, og har meir enn eit par kjente namn på lista. Han er jamnt over ein spennande og godt produsert Tom Cruise- og Paula Wagner-produksjon, og lyden på DVD-utgjevinga er noko av det beste eg har høyrt: Skarp og tydeleg, og god bass.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Mission: Impossible III 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Tom CruisePhilip Seymour HoffmanVing RhamesVis alle

Sjangrar

Land

USATysklandKinaVis alle