Mission: Impossible - Rogue Nation (2015)

Film / 27. desember 2015
3/5

På ein måte er Mission: Impossible - Rogue Nation et godt laga gjesp. Ein film eg bryr meg lite om, men som har ein del gode og underhaldande stunder.

Det er først og fremst den store samanhengen eg synst eg uinteressant. Og karakterane til både Tom Cruise og Simon Pegg. Det virker som nok ein film til av en eller annen sort, og desse to folka ser ut til å gå på autopilot.

Men med si over to timer lange speletid skal det litt til for at det manglar på gode innslag. Gode actionsekvensar og litt fiffig humor er som forventa å få når det er snakk om Mission: Impossible.

Filmens høgdepunkt er derimot Rebecca Ferguson. Ho leverer godt skodespel og er en tøff actionheltinne av det truverdige slaget. Ho er pen som en filmstjerne, men også kroppsleg bygd som at eg trur ho kan utføre det fysiske ho gjer i filmen. Om eg ikkje har fått meir ut av det andre i filmen enn til å såvidt underhalda meg, så har eg iallfall blitt fan av Rebecca Ferguson.

Mission: Impossible - Rogue Nation 2015 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Mission: Impossible

Regi

Christopher McQuarrie

Manus

Christopher McQuarrie, Drew Pearce, Bruce Geller

Skodespelarar

Tom Cruise, Jeremy Renner, Simon Pegg, Rebecca Ferguson, Ving Rhames, Sean Harris, Simon McBurney, Jingchu Zhang, Tom Hollander, Jens Hultén

Sjangrar

Action, Eventyr, Thriller

Land

Kina, Hongkong, USA

IMDb

IMDb-side om Mission: Impossible - Rogue Nation

Forfattar