Mission: Impossible

Film · 1996 · · 7. november 2006
4/5

Diskettar med hemmelege CIA-lister, sensorfylte datakvelv, eksplosjonar, telefonsamtalar frå ulike telefonkioskar. Raske tog, akrobatikk i vaierar. Aust-Europa. Mission: Impossible er den type film, ikkje at det nødvendigvis er så dumt, men eg skal ikkje legge for mykje i han heller.

Tom Cruise i hovudrolla. Jon Voight, Jean Reno, Henry Czerny og Emmanuelle Béart i biroller. Det er ikkje vanskeleg å plassere filmen tidsmessig. Men filmen er grei han, ingen tamme augneblinkar som gjer at eg verkeleg startar å vurdere det eg ser.

Mission: Impossible 1996 plakat - Filmdagbok