Modern Girls

Film / 1986
2/5

Tre jenter vimsar rundt på nattlivet, frustrert over utvalet av menn, og oppførselen til dei mennene dei får kontakt med.

Med Cynthia Gibb, Virginia Madsen og Daphne Zuniga i spissen, og Clayton Rohner på slep, tar Modern Girls oss med på ein kveld på byen me fort vil gløyme. Har du ikkje oversikt over kva desse skodespelarane har gjort før og etter, overraskar det ikkje meg. Sjølv kjente eg igjen Daphne Zuniga frå One Tree Hill og Clayton Rohner frå ein annan ungdomsfilm eg såg for kort tid tilbake.

Middels kjente skodespelarar er ingen hinder, men dette er ein kjedeleg film som går under middels fort framover, handlar om lite, og heller ikkje klarar å få på plass noko kjærleikshistorie eg kan heie på. Reint bortsett frå å tenke ut kor eg har sett skodespelarane før, som eg gjorde i byrjinga av filmen, er dette tamt, og har problem med å fylle dei 80 minuttane filmen varer.

Eg kom meg likevel gjennom utan å ta livet av meg. Det at eg ikkje reiv av meg håret må vel også svare for noko. Kall meg gjerne raus, men det blir ein 2/5 på skalaen, mykje grunna samanlikning med andre filmar i same sjanger.

Modern Girls 1986 plakat - Filmdagbok