Modern Problems

Film · 1981 · · 15. juni 2012
2/5

Modern Problems med Chevy Chase og Patti D'Arbanville har ein morosam idé, men gjer lite ut av han. Det hindrar ikkje filmen frå å ha hysteriske augneblinkar, men den totale opplevinga blir det så som så med.

Max Fielder (Chevy Chase) kjem i kontakt med radioaktivt avfall og får telekinesiske evner. Desse nyttar han til å vinne eks-dama tilbake og til å ta hemn mot andre. Enkelt nok, men det kan fungere. Viss det blir brukt rett nok, for det skjer knapt noko i heile filmen, før mot slutten. I tillegg blir voodoo og overtru blanda inn i ei spesiell blanding som utgjer slutten av filmen.

Det er to ting i filmen som får meg til å le. Det eine er grimasane til Chevy Chase når han utfører telekinesen. Det andre heng i lag med det første og er mens Chevy Chase står på kjøkenet og har telekinsesex med dama i andre enden av rommet. Grimasane hans er useielege.

Det største problemet til filmen er altså at det ikkje skjer noko. Det morosame som hittil er nemnt og gleda i å oppleve enkle spesialeffektar frå tidleg 1980-tal veg opp, og gjer at filmen blir ei oppleving midt på treet.

Modern Problems 1981 plakat - Filmdagbok