Modern Times

Merittlista mi med Charles Chaplin-filmar er skremmande kort, og Modern Times har lenge stått på lista over filmar eg skulle ha sett, saman med The Great Dictator. Så, i går, på forelesing i faget med den kjekke tittelen Ting og teikn fekk eg endeleg komme i gang med filmen.

60 minuttar seinare var det stopp, og tida var over. Så eg måtte ty til dei kreative metodane for å skaffe meg filmen og få sett han ferdig sjølv. Frå starten av var filmen hyggeleg morosam, og latteren var lett på loket. Når eg skulle sjå dei siste minuttane på eiga hand blei det automatisk lengre mellom latteren. Eller, for å vere ærleg så gjorde eg ikkje anna enn å trekke på smilebandet her og der.

Men filmen er god han, og absolutt ein film du bør ha sett i filmhistorisk samanheng. Den som ikkje kjenner Charles Chaplin sitt arbeid har gått glipp av noko. Eg har lenge gått glipp av denne, men har til mitt forsvar sett The Kid.

Modern Times 1936 plakat - Filmdagbok