Modo Avião

Modo Avião er ein brasiliansk romantisk komedie om ei ung kvinne som blir sendt til bestefaren sin på landet, etter at ho har krasja bilen som følger av å ha brukt mobilen medan ho køyrte. Det er foreldrene som lurer ho til å tru at eksilet, som forøvrig også er mobilfritt, er ei pålagt straff.

Larissa Manoela, som spelar hovudrolla, er visst mest kjent for ei rolle i ein såpeserie. I denne rolla er ho ein karikatur eller ei overdriving av ei ung influenserkvinne som fort blir distrahert av mobilen. Ho er ufyseleg og bryr seg berre om følgjarane sine i sosiale medier.

Steget frå å leve gjennom mobilen til å vere utan mobilen på landsbygda er stort. Og komisk for oss. Ho er desperat etter å få ein mobil i handa. I tillegg har ho lite peiling på praktiske ting i den verkelege verda. Det er lett komedie, men med mange hyggelege karakterar blir det ein fin film.

Produksjonen er det ingenting å utsetje på. Dette ligg nærare kinofilm enn tv-film frå Hallmark. Utescenene er ute, og ikkje i studio. Lyd og bilde er av høg kvalitet. Skodespelarane er gode. Dei skal vere rare, og det er dei. Iallfall for meg som ikkje kjenner til portugisisk språk og brasiliansk oppførsel for godt.

Modo Avião har også eit poeng i botn som knyter filmen saman. Om enn eit enkelt eit. Gi slepp på mobiltelefonen og nyt augneblinkane og opplev det som skjer rundt det, framfor å formidle det.

Modo Avião 2020 plakat - Filmdagbok