Monsieur Verdoux

Film · 1947 · · 23. september 2016
3/5

Charles Chaplin kom etter kvart ut med filmar han snakka i. Sjølv om han er mest kjent for sine stumfilmar, var hans bidrag til lydfilmen også nemneverdig.

Monsieur Verdoux er nok likevel ikkje ein nemneverdig film i seg sjølv, men ei heilt grei greie. Charles Chaplin spelar ein mann med mange jern i elden, det vil si han har mange kvinner og giftar seg i ulike byer med tanke på å svindle til seg deira midlar. Det er gjerne eldre kvinner med ein solid bankkonto det er snakk om.

Han eig altså ingen skruplar, men det er ikkje før filmen nærmar seg slutten det kjem fram for sola at Charles Chaplin ønsker å preike til publikummet sitt om eit sett med dårlege verdiar.

Før dette stadfestar posisjonen til filmen som maks midt på treet, er det stort sett at alt drar ut i tid som gjer at eg innimellom kjeder meg. Filmen manglar den spisse humoren eg forventar i ein Charles Chaplin-film, og har ikkje så mykje meir å spele på.

Monsieur Verdoux 1947 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Charles ChaplinMady CorrellAllison RoddanVis alle

Sjangrar

Land