Monster House

Eg visste ikkje heilt kva eg skulle forvente av denne filmen. Om han kom til å vere skummel, frustrerande eller berre morosam. Men han klarar ei blanding. Målgruppa er nok ikkje dei aller yngste, for filmen og monsterhuset kan vere grufull på sitt verste.

Det byrjar på typisk vis, ein unge eller to oppdagar noko mystisk som dei vaksne først ikkje vil tru på, og ut frå det går det berre ein veg, situasjonen blir verre.

Om sjølve filmen skal eg ikkje sei for mykje, for han er i og for seg ganske typisk. Det var ingen store overraskingar i spenningskurva eller på andre område, men det fungerer likevel greit i og for seg. Ein filmrevolusjon var ikkje å vente, med tanke på at produksjonsselskapet til Steven Spielberg står bak filmen, rett nok med andre namn både i regissørstolen og på manussida.

Som animasjonsfilm er han heller ingen teknisk banebrytar, noko som ikkje har så mykje å sei heller. Hoodwinked klarte seg godt som film trass i den heller svakare animasjonen. Monster House har også sin eigen sjarm sånn sett, men for å ha nemnt det også ein god del betre animasjon enn Hoodwinked. Til sjuande og sist føler eg meg heller ikkje i den rette målgruppa for denne filmen, og klarar ikkje å like han meir enn mellomgodt.

Monster House 2006 plakat - Filmdagbok