Monty Python's Flying Circus

Serie
1969–1974
3/5

I løpet av vinteren og våren har eg sakte og sikkert sett meg gjennom dei fire sesongane av Monty Python's Flying Circus. Tre stabile sesongar, og ein litt kortare og mindre morosam på slutten utan John Cleese.

Serien blei aldri ein eg lo høgt av. Men humring og mange trekk på smilebandet skjedde stadig vekk under dei tre første sesongane. Den siste var meir ein kuriositet i form av å vere sprø tv.

Sjølv om humoren aldri sat som støypt for min del, noko eg fort ante at kunne bli utfallet, så har serien heile vegen halde på interessa mi. Det er mykje vittig innhald her. Oppbygginga av episodane er god, med ein samanheng mellom sketsjane. Og i blant viser seinare episodar til skjetsar frå tidlegare episodar på same måte. Etter kvar som serien går så byggjer han opp eit eige univers av underlege karakterar og poeng som gjer at eg iallfall held fram å sjå. Trass i at det ikkje alltid er så morosamt som eg skulle ønske.

Den siste sesongen hadde også mykje av den same overbyggande strukturen, men det største inntrykket eg sit igjen med frå han er at det er endå færre poeng med skjetsane. Det er som at det skal vere mest mogleg dryge og rare innspel, og at det ikkje er nøye om det er artig. I tidlegare sesongar vitsa dei i det minste ofte om mangelen på poeng.

Monty Python's Flying Circus har vore ein serie eg har tenkt på å få sett i mange år. Eg har sett ein og anna sketsj og Monty Python-filmane. Sjølv om eg ikkje kan skryte uhemma av han som ein komedie, så tykte eg han var vel verdt å sjå på grunn den unike stilen og gjennomførte produksjonen.

Monty Python's Flying Circus 1969-1974 plakat - Filmdagbok

Publisert

14. mai 2020 av

Merkelappar

BBC, Monty Python

Skaparar

Terry Jones (I), Graham Chapman (I), Terry Gilliam, John Cleese, Eric Idle, Michael Palin

Skodespelarar

Graham Chapman (I), Eric Idle, Terry Jones (I), Michael Palin, Terry Gilliam, John Cleese, Carol Cleveland (I), John Hughman, Ian Davidson (II), The Fred Tomlinson SingersVis alle 180 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Monty Python's Flying Circus

TV Time

TV Time-side om Monty Python's Flying Circus