Moon

Film · 2009 · · 13. september 2009
4/5

Førpremiere av Moon på Trondheim Filmklubb, som kanskje dukka opp i Noreg etter nyttår. Ein science fiction-thriller sett til månen, med Sam Rockwell i hovudrolla som vedlikehaldsarbeidar av gruveoperasjonen som ein månebase er bygd opp for å drifte.

Moon er like mykje ein thriller for alle som ein film som frir til fans av science fiction. Han lykkast på alle område og det endar i ei ganske komplett kinooppleving. Han er underhaldande, pirrar nysgjerrigheita, set fart i dei små grå både under og etter filmen. Han er spennande og lykkast med ein liten dose humor. Duncan Jones lykkast godt med ein knallsterk debutfilm.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Moon 2009 plakat - Filmdagbok