Moonlight Mile

Film · 2002 · · 19. oktober 2016
3/5

Ein ung mann mistar sin trulova, og blir buande hjå foreldra hennar i tida etter gravferda. Dei tre blir som ein eigen familie, men samhaldet er tynt. Under overflata lurer avsløringar og motivasjonar som kan true den skjøre evna til å halde det gåande.

Moonlight Mile tar opp tema som sorg, å vere trufast, kjærleik og løgn. Filmen siktar seg til ei viss grad inn mot å vere realistisk i si grå formidling, men har nokon filmaktige lyspunkt i si romantiske historie.

Med bautaer som Dustin Hoffman og Susan Sarandon, og ein framleis ung Jake Gyllenhaal, er det lite å utsette på skodespelet. Deira einaste moglege negative sider i Moonlight Mile kunne ha blitt at deira status overskuggar rollene, men berre når eg vel å reflektere over det. Og mest Jake Gyllenhaal som ikkje ser ut til å finne seg heilt til rette i rolla. Dei andre briljerer stort sett.

Sjølve historia og drivet i Moonlight Mile er midt på treet. Det er ein film som hamnar i skuggen av så mange andre filmar om sorg og kjærleik. Ergo er han ikkje dårleg i seg sjølv, men mi vurdering er at han glir forbi som noko som verken maktar å overtyda med si historie eller stikke djupt nok på det emosjonelle plan.

Moonlight Mile 2002 plakat - Filmdagbok