Moonraker

Film · 1979 · · 9. mars 2016
3/5

Roger Moore er James Bond i Moonraker. Eit romskip blir stole, og etterforskinga tar James Bond inn i leiren til ein mektig mann med planar om ei eiga form for verdsherredøme.

Moonraker er tatt samtida til vurdering ein film som gir inntrykk av å føye seg etter populariteten til Star Wars. Deler av Moonraker går føre seg i verdsrommet, og det er mange innspel av laserar og kampscener.

Bortsett frå dette er resten av filmen typisk Roger Moore-periode James Bond-film. Desse har for meg aldri vore dei mest spennande. Dei er ambisiøse, men er verken spesielt spisse eller konkrete. Litt for fantastiske i stilen etter min smak. Men dette er ein svært generaliserande måte å feie alle hans filmar under ein kam på, og det er ulike grader av dette.

Om eg går vidare og forbi kritikken av gjennomføringa, så vil eg påpeike at filmen også sine gode sider. Skurken er både typisk i James Bond-samanheng, psykopatisk og passe overflatisk. Her er det ingen behov for motivasjon for min del. Karakteren Jaws (Richard Kiel) gjer si andre av to framferder, og fungerer både som bølle og etter kvart komisk avbrekk. Samtidig har eg sansen for den kvinnelege partneren til James Bond, som viser seg meir nevenyttig enn James Bond sjølv.

Moonraker 1979 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Roger MooreLois Chiles (I)Michael LonsdaleVis alle