Moonrise Kingdom

Eg er fan av Wes Anderson, og reknar med mange andre er det på grunn av evna hans til å lage film på film som hyllar både filmskaping, detaljar og gode karakterar.

Wes Anderson har nokon kjenneteikn. Blant anna dukkar både Bill Murray og Jason Schwartzman opp i mange av filmane hans. Karakterane hans er gjerne ei blanding av direkte, feige og emosjonelt tilbakeståande. Med andre ord spesielle. Ikkje alle og ikkje alltid. Men nok til at det blir lagt merke til.

Moonrise Kingdom er ein film som legg meir vekt på stil enn på ei god historie. Eg saknar det ekstra som får meg engasjert i historia om to forelska barn som flyktar frå ein liten by. Det er mykje komedie, mange snodige episodar som dukkar opp til overflata, men det går rett og slett noko tregt. Og eg gidd ikkje investere mykje ettertanke til filmen, dessverre.

Moonrise Kingdom 2012 plakat - Filmdagbok

Dato

24. september 2012

Forfattar


Skodespel

Bruce Willis (I)Edward Norton (I)Bill Murray (I)Vis alle

Sjangrar

Land