Moontrap

Hadde det ikkje vore for Bruce Campbell si rolle i denne filmen, ein person som går igjen i filmane eg ser for tida, så hadde eg nok aldri visst at Moontrap eksisterte.

Han er vel ein av dei science fiction-filmane som strid lengst frå verkelegheita eg har sett på ei stund. For å grunngi dette vil eg ta utgangspunkt i ein film som involverer utanomjordiske organiske skapningar, som Slither. Det er ikkje godt å vite om det finst levande skapningar der ute ein plass.

Jason Grant og Ray Tanner er ute i verdsrommet for å hente ned igjen ein satelitt. På ferda si støyter dei på eit gigantisk romskip, som ser veldig daudt ut. Jason (Walter Koenig) hiv på seg romdrakta og reiser for å utforske skipet, og finn eit menneskelik som viser seg å vere 14 000 år gammalt, iført ei form for romdrakt. Han finn også noko som ser ut som ein stor amerikansk fotball. Denne tingen tar han så med seg tilbake til jorda.

Så hoppar me litt fram i tid, og desse to mennene er på månen, der dei skal utforske ein månebase som dei har funne ved hjelp av avansert sporingsteknikk frå liket eller denne amerikanske fotballen. Månebasen er på lik linje med menneskeliket 14 000 år gammal.

Med dette utgangspunktet høyrer filmen enten lovande ut, eller heilt på trynet. Eg vel ei blanding, det er så dumt at det er artig å sjå på, men slettes ikkje ein klassikar. Så hadde eg kanskje ikkje store forventingane til ein film regissert av Robert Dyke. Men eg er overraska over spesialeffektane, ikkje at dei er så veldig gode, men det finst mykje verre, eg hadde aldri noko å utsette på med tanke på filmen.

Det er vanskeleg å vurdere ein slik film. Sett opp mot mykje anna som i og for seg er bra laga, men ikkje fenger heilt for min del, så er dette makkverk. Men eg hadde likevel langt større glede av denne enn av Eraserhead, og det blir difor underhaldningsgrunnlaget mitt som står for vurderinga.

Moontrap 1989 plakat - Filmdagbok