Mordene i Kongo

Film / 2018
3/5

Mordene i Kongo er ei filmaterisering av det som skjedde med Joshua French og Tjostolv Moland i Den demokratiske republikken Kongo i 2009, og hendingane i ettertid.

Eg var i utgangspunktet tenkt å sjå filmen på kino i 2018, men det skjedde aldri. Og brått var eit år gått, og filmen blei leigd i staden for.

Filmen forsøker å styre unna det å forklare eller vise kva som skjedde, men rettar seg heller mot å vere open for ein eller fleire av historiene kan vere sanne eller usanne. Han er heller ikkje for brutal i framstillingane sine, men skyr noko av det verste som er sagt å ha skjedd.

Me får servert brotstykkje av det som skjedde frå og med 2009 til like før Joshua French slapp ut og kom heim til Noreg.

Filmen er godt laga. Det verkar ikkje som at det er tatt nokon snarvegar når det gjeld produksjonen. Han blir opplevd som realistisk og filmatisk, slik ein storfilm bør. Eg heng meg ikkje oppp i noko, anna enn at eg tykkjer at filmen blir for lang tid slutt.

No har eg verken følgd med på denne saka i løpet av åra, eller hatt ei spesiell interesse for å vite kva som skjedde og ikkje. Ein del har eg likevel fått med meg. Filmen evnar å fylle nokon hol med informasjon eg ikkje har hatt, utan at eg får inntrykk av at han skal fortelje ei sanning. Det er som om eventyret til mennene er meir sentralt, og at det handlar om korleis dei opplevde det, heller enn korleis det nødvendigvis var.

Ein god film, men som ikkje blir noko meir for min del. Eg trur han er av interesse for dei som har følgd saken.

Mordene i Kongo 2018 plakat - Filmdagbok