Motel Hell

Film · 1980 · · 15. mars 2012
2/5

Bonden Vincent kidnappar forbipasserande og grev dei ned til halsen på fritida. På dagtid sel han det beste, friterte kjøtproduktet i området. Samanhengen er klar frå første stund. Grøssar møter komedie i Motel Hell, der Rory Calhoun er den mest profilerte.

Om Motel Hell prøver å skremme, forundre eller berre more er eg usikker på. Det er å forundre filmen best oppnår, men litt moro er det òg. Mest av alt er filmen ekkel og forstyrrande. Ubehaget er velkommen i sjangeren når stemninga ikkje skremmer.

Som så altfor ofte gjorde eg overflatisk forarbeid før eg såg Motel Hell. Tittel og plakat lokka, og den tanken om at dei største overraskingane kjem når eg hoppar i det med noko tilfeldig. I blant kan det straffe seg, men med Motel Hell gjorde det lite frå eller til. Filmen har originale vendingar, og er som sagt ekkel og veldig rar. Det kjennest heimelaga på ein dårleg måte, men filmen kan skilte med både Rory Calhoun og eit budsjett på heile tre millionar amerikanske dollar.

Motel Hell er ein film som er artigare å lese om, snakke om og tenke på i ettertid enn det var å sjå han. Å sjå filmen var heller kjedeleg enn noko anna i lengda.

Motel Hell 1980 plakat - Filmdagbok