Mothers and Daughters

Mothers and Daughters er ein film med ei fin historie, men som ikkje klarar å få med seg regissøren og produksjonen.

I denne filmen er det fleire fine historiar om mødrer og døtrer som blir fortalt. Dei går inn for å gå i djupna, og tar opp tema som løgner, adopsjon, kontroll og graviditet. Felles for dei sentrale karakterane er at dei bur i same bygning på Manhattan, men elles har dei lite eller ingenting med kvarandre å gjere.

Filmen feilar på å skape ei kobling mellom skodespelarane og filmflata, og dermed mellom filmflata og meg. Eg kjenner til mange av skodespelarane som er med, og dei er dyktige, så regissøren må tole all kritikk for resultatet her.

Elles verkar produksjonen som ein meir påkosta Hallmark-film. Eg likar Hallmark, men eg hadde andre forventingar til Mothers and Daughters. Med samanlikninga mi meinar eg at måten folk snakkar på, det vil sei manuset, er overfladisk og svært føreseieleg. Måten karakterane tilnærmar seg kvarandre på er ikkje truverdig, men ei lett løysing for å skape drama. Og så vidare.

Viss du er førebudd på at nivået ikkje er så høgt, så kan du få fine historier ut av Mothers and Daughters. Men du går ikkje glipp av noko ved å stå over. Sjølv tykte eg at filmen også hadde ein fin flyt, og eg kjeda meg ikkje. Men eg forventa som sagt meir.

Mothers and Daughters 2016 plakat - Filmdagbok