Mou gaan dou

Film · 2002 · · 15. desember 2006
4/5

Som oppkøyring til å få sett The Departed har eg tenkt å få sett Hongkong-trilogien Mou gaan dou. Altfor ofte har eg sett ei amerikansk nyinnspeling og latt det vere med det.

Så altfor mykje Hongkong-action av verkeleg kvalitet har eg ikkje sett før, så Mou gaan dou toppar nok allereie lista mi over desse. Det gjekk litt vel fort i starten, og tok derfor nokon ekstra minuttar før eg fekk med meg kven som var kven. Sånn 100 % sikker fekk eg no aldri bli på det, men det var det som gjorde filmen god for min del. All mindre forvirring rundt dei to hovudpersonane med tanke på deira part i historia gjorde dette til ein thriller vel verdt å sjå.

Dette er altså ein politithriller, enkelt forklart, men med ein god del vendingar. Det er snakk om spaning og forræderi på høgt nivå. Dei som har sett The Departed har vel kanskje god peiling på kva eg snakkar om, utan at eg kan sei at eg har sett den filmen sjølv. Mou gaan dou er ein film der spanaren i krimbanden er på jakt etter forrædaren i politiet, visa versa.

Filmen heiter Infernal Affairs på engelsk.

Les også ei melding på filmfront.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Mou gaan dou 2002 plakat - Filmdagbok