Mozart and the Whale

Den norske regissøren Petter Næss står bak nokon gode filmar. Den amerikanske komedien Mozart and the Whale er ikkje blant desse.

I grunn er dette ein romantisk komedie, kor to autistar blir forelska, men har personlegdommar som ikkje gjer det sunt for desse to å innleie eit forhold. Noko dei uansett gjer.

Sjølv om karakterane ærleg talt gjer meg noko ukomfortabel, er det største minuset til filmen at han ikkje er morosam. Han er langdryg og kjennest rett og slett ut som ein grå klump.

Blant skodespelarane likar eg kva Radha Mitchell gjer ut av sin karakter, mens Josh Hartnett er flau å sjå på. Til samanlikning er det mykje artigare å sjå Per Christian Ellefsen i den Petter Næss-regisserte Elling.

Mozart and the Whale 2005 plakat - Filmdagbok