Mozart in the Jungle (2014–2018)

Serie / 14. juli 2018
4/5

Mozart in the Jungle er noko utanom det vanlege. Som med seriar flest er det i detaljane på overflata, for grunnelementa i fiksjon som dette er sjeldan revolusjonerande.

Men det er altså ein frisk og tøff serie med eit orkester, ein dirigent og klassisk musikk som kjerna til serien. Flust av gjesteframsyning frå, og referansar til, denne kulturelle seksjonen. Gjort på ein sjølvsagt måte. Litt som Entourage gjorde med Hollywood.

Utan vidare kjennskap til om formidlinga av miljøet i serien er korrekt, så er det iallfall godt laga fiksjon. Eg får inntrykk av at den solide gjengen som står bak serien har peiling, og har ausa på med detaljar for å skape ei rik verd rundt karakterane.

Det som også er viktig, og som er utført rett her, er karakterane. Samhandlinga mellom alle byr på akkurat passe med humor, drama og intrigar. Dei er godt skrive, og fleire som dukkar opp undervegs slår umiddelbart an og er personar eg vil sjå att. Noko eg opplever at eg får i løpet av den andre sesongen til serien. Fullt klar over klisjeen vil eg sei at me kjem godt under huda på dei sentrale karakterane.

Tredje sesong er vanskelegare å plassere på kartet. Han er litt lausare i snippen når det kjem til å ha ein raud tråd. Å sjå han samanhengande fungerte, men eg er redd kvar episode for seg ikkje er av god nok kvalitet.

Som rutinert sjåar av seriar har eg etter kvart mange kategoriar å plassere det eg ser i. Langsiktige seriar som eg stor sett ser ein episode om gangen av. Meir overflatiske seriar å fråtse i. Gode, men litt langsame seriar. Mozart in the Jungle er i den flotte kategorien for seriar som har substans, og som gjer meg hekta. Noko av substansen svinn hen i tredje sesong. Sesongane har gått fort unna, då eg stadig har måtte sjå ein episode til.

Mozart in the Jungle 2014-2018 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Amazon

Skaparar

Alex Timbers, Roman Coppola, Jason Schwartzman

Skodespelarar

Lola Kirke, Gael García Bernal, Saffron Burrows, Bernadette Peters, Malcolm McDowell, Mark Blum, John Miller (IV), Hannah Dunne, Joel Bernstein, Debra Monk

Sjangrar

Komedie, Drama, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Mozart in the Jungle

Forfattar