Mr. & Mrs. Smith

Mr. & Mrs. Smith såg eg for to år sidan. Den gongen rangerte eg han til 3/5 og var generelt fornøgd med underhaldninga, men må ha meint at den mangla det ekstra som skulle til for løfte han opp i den gode klassen. Av positiv omtale skreiv eg at det var ein av dei betre spenningskomediane eg hadde sett. At han hadde full gass tvers igjennom. Og at han hadde eit glimt i auge frå både Angelina Jolie og Brad Pitt.

Når eg no gjorde eit gjensyn, og det som mi første Blu-Ray-oppleving, merka eg at dette var blitt ein betre film enn det inntrykket som var lagra i minnet. Dei positive orda eg har sitert står sterkare. At dette var ei oppleving i høg oppløysing lét ikkje til å imponere meg spesielt, eg la meg på tanken at det er slik det bør vere på eit stor televisjonsapparat.

Doug Liman har gjort litt av kvart, han regisserte The Bourne Identity, streifa innom tv-regissering med The O.C. og eit feila pilotprosjekt av eit forsøk på å få Mr. & Mrs. Smith til amerikanske tv-skjermar i 2007. Han gav oss nyleg Jumper, ein diskutabel film ser det ut til å vere.

Med Mr. & Mrs. Smith har Doug Liman spelt dei rette korta og gir oss ei god blanding av spenning og humor. Brad Pitt og Angelina Jolie spelar ekteparet der begge er leigemordarar og held dette skjult for kvarandre. Me møter dei i ekteskapsrådgiving og får herifrå fortalt historia om møtet som førte til giftarmål, og som no har utvikla seg til å bli eit kaldt forhold. Litt etter litt blir liva deira bretta ut for oss og etter eit dobbeltbooka oppdrag der både John og Jane Smith er til stades byrjar dramatikken.

Mr. & Mrs. Smith kunne fort blitt ein gjennomsnittleg affære hadde det ikkje vore for den stødige behandlinga av manuskriptet og eit glimrande samspel mellom Brad Pitt og Angelina Jolie. For å ta Doug Liman først, det han har gjort er å legge eit lok på det heile, halde det dempa utan å fjerne verken framgang eller humoren. Det finst tallause stader der ein setningsvits kunne ha blitt plassert og enten tatt fokuset frå den nettopp velfortalte vitsen eller ruinert han. I staden let Doug Liman det vere eit pusterom der du så tydeleg forventar noko, men endar opp med å gi det som nettopp skjedde ein ekstra tanke. Mange små, bevisste val gjer at dette ikkje endar opp på motorvegen.

Kontrasten mellom samlivet i forstaden og jobbane er mykje av poenget. Det kunne ha vore endå skarpare viss eg skal pirke. At det er prega av ein del forbrukarvarer er nok vanskeleg å komme unna, men den verste glorifiseringa av forstaden er til all glede utelate. Brad Pitt og Angelina Jolie klarar så godt å framstå som dyktige under dekket som vanlege folk. Samtidig er dei så falske då me har fått sjansen til å bli fort, men godt kjente med dei tidleg i filmen, då dei er er meir eller mindre framstilt som typisk middelklasse.

Det er mykje bra å hente her, men ein optimal film er det nok ikkje. Etter kvar mista eg konsentrasjonen. Filmen blir for lang i enkelte parti, sjølv om oppbygginga verkar rett i mine auger. Me har ein del folk som ikkje klarer å gjere birollene til dei små sidestykka som Mr. & Mrs. Smith kunne ha vore tent med i denne lengda.

Eg har ingen svar på løysinga, men forslag som å gi dei meir tid ved siden av Brad Pitt og Angelina Jolie eller køyrt dei enda lengre i bakgrunnen streifa meg. Mellomtingen Vince Vaughn har hamna i er nesten litt forvirrande, for han verkar ikkje å vere viktig på nokon måte, men har likevel ein del skjermtid. Adam Brody som målet i oppdraget som blir dobbeltbooka gjer ei storvegs rolle som me ser altfor lite av. Vel, poenget er, ingen toppfilm, men framleis god altså.

Mr. & Mrs. Smith 2005 plakat - Filmdagbok

Publisert

15. juli 2008 av

Regissør

Doug Liman

Manusforfattar

Simon Kinberg

Skodespelarar

Brad Pitt, Angelina Jolie, Vince Vaughn (I), Adam Brody, Kerry Washington, Keith David (I), Chris Weitz, Rachael Huntley, Michelle Monaghan (I), Stephanie MarchVis alle 105 skodespelarar

Sjangrar

Action, Komedie, Romantikk, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Mr. & Mrs. Smith