Mr. Bean

Serie
1990–1995
4/5

15 episodar av Mr. Bean gjekk mellom 1990 og 1995. Ikkje som ein samanhengande serie, men på litt tilfeldige og godt fordelte dagar på tvers av desse åra.

Episodane består av fleire mindre handlingar, gjerne to eller tre, som lar Mr. Bean (Rowan Atkinson) takle vanlege eller daglegdagse situasjonar på sin særeigne måte. Enten som naiv og uforståeleg, eller som utspekulert.

Dette spennet mellom idioti og utnyttar gjer karakteren hans uføreseieleg, og det igjen er eit veldig bra utgangspunkt for humor. Eg har spesielt sansen for når ein film eller serie tar ting på kornet eller overraskar, og det gjer Mr. Bean.

Sjølv om eg har sett det meste av dette før, om enn ikkje i samanheng, noko som heller ikkje er nødvendig, så er det framleis stor underhaldning. Og eg ler godt av omtrent alle episodane, som er akkurat det eg ønsker å oppnå med ein komiserie.

Mr. Bean 1990-1995 plakat - Filmdagbok

Publisert

22. mai 2016 av

Merkelapp

Mr. Bean

Skaparar

Rowan Atkinson, Richard Curtis (I)

Skodespelarar

Rowan Atkinson, Robin Driscoll, Matilda Ziegler, Matthew Ashforde, Roger Sloman, Susie McKenna, Nick Hancock, C.J. Allen, Rupert Vansittart, Howard GoodallVis alle 87 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Familie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Mr. Bean