Mr. Bean's Holiday

Film · 2007 · · 22. desember 2007
3/5

Ti år etter Bean er Mr. Bean tilbake som langfilm. Denne gangen går reisa til Frankrike.

Mr. Bean vinn ein tur til Cannes. På veg dit klarer han å separere ein far og ein son, og må bidra til at dei finn i lag igjen. På vegen opplever han Frankrike, sykling og ekte kjærleik.

Eg får inntrykk av at med Mr. Bean's Holiday blir det prøvd å gjere meir eit menneske ut av denne karakteren. Det er ingenting i vegen med å gjere noko nytt, og eg har ingenting i mot dette. På mange måtar er essensen her uansett.

Greia er at ein langfilm blir litt for mykje. Eg likar personleg best Mr. Bean i mindre dosar, og forbind han med eit brunare og gråare Storbritannia. Mens dette her blir lystigare omgivnader og ikkje det eg tykkjer er topp. Men det går på personlege preferansar, og det er eit av poenga mine med å skrive her.

Mr. Bean's Holiday 2007 plakat - Filmdagbok