Mr. Nobody

I Mr. Nobody ser ein 118 år gammal mann tilbake på livet sitt som det var, og korleis ulike val gjorde at livet hans blei fleire og ulike. Enkelt forklart er dette ein science fiction om tid på ein alternativ måte.

I hovudtrekk er det tre tidslinjer som blir fortalt, i kvar av desse har hovudrolla Nemo ein ulik kjærleik. Frå ung til vaksen alder, til eldgammal, filmen hoppar så det held og innimellom til tenkte eller oppdikta historier i filmen. Det blir ikkje uoversiktleg, men utfordrar filmen.

Forutan alt som har med tid og science fiction å gjere, som stort sett er ramma til filmen, så er dette mest kjærleiksdrama. Nokon flotte historier her og der, men totalt sett må eg sei at eg kjeda meg ein god del. Det blir for lite om enkeltdelene fordi det er så mange av dei. Eg blir aldri involvert nok i verken tragediane eller lykka, men får på det meste smakebitar på dette.

Ideen om tid er også svevande og passe uinteressant. Dette er ei rein smakssak. Tid kan vere interessant, men her er det mykje rundt det som bryt ned tankar om realitet, og eg bryr meg fint lite. Totalt sett er ikkje opplevinga av Mr. Nobody god nok.

Mr. Nobody 2009 plakat - Filmdagbok

Publisert

26. juli 2015 av

Regissør

Jaco Van Dormael

Manusforfattar

Jaco Van Dormael

Skodespelarar

Jared Leto, Sarah Polley, Diane Kruger, Linh Dan Pham, Rhys Ifans, Natasha Little, Toby Regbo, Juno Temple, Clare Stone, Thomas ByrneVis alle 106 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi, Romantikk, Science fiction

Land

Belgia, Tyskland, Canada, Frankrike, USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Mr. Nobody