Mr. Plinkett's Ghostbusters 2016 Review

Film · 2017 · · 20. mai 2021
3/5

Mr. Plinkett's Ghostbusters 2016 Review er ei filmmelding av 2016-versjonen av filmen Ghostbusters. Ein film eg forøvrig ikkje har sett, men som eg no har sett filmmeldinga av to gonger.

Dette er ein Red Letter Media-produksjon, eit lite selskap som lagar fleire seriar og lengre meldingar av filmar og seriar på YouTube.

Ghostbusters frå 2016 er ein film dei tydelegvis ikkje har likt. Og her serverer dei ein timeslang video som forklarar kvifor. Underhaldande er det iallfall.

IMDb-logo
Mr. Plinkett's Ghostbusters 2016 Review 2017 plakat - Filmdagbok