Mr. Plinkett's Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull Review

Film · 2011 · · 19. mai 2021
3/5

Red Letter Media har laga filmmeldingar i mange format. I YouTube-seriar som Half in the Bag, Best of the Worst og re:View gjennom fleire år. Og tidvis ei og anna Mr. Plinkett-melding som er noko litt ekstra om filmar dei ikkje likar.

Mr. Plinkett's Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull Review er ei filmmelding om Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull. Ein film eg forøvrig likte godt når eg såg han i 2008. Men eg har ingenting i mot å sjå at Red Letter Media plukkar filmen i frå kvarandre og snakkar om kvifor dei mislikar han. Så underhaldande er det at dette er andre gong er ser den 70 minuttar lange saken.

Mr. Plinkett's Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull Review 2011 plakat - Filmdagbok