Mr. Plinkett's Star Trek Picard Review

Mr. Plinkett's Star Trek Picard Review er ei seriemelding som er litt over alt. Sånn sett representerer han serien som stort sett ikkje heng saman på ein god måte. Trur eg. Eg har ikkje sett Star Trek: Picard, og har heller ikkje tenkt til det.

Poenget til seriemeldinga kjem godt fram. I serien er det mykje som ikkje heng saman. Han manglar god historieforteljing. Han manglar ei fornuftig kopling til det tidlegare Star Trek-universet, og til ideane som Gene Roddenberry la som grunnlag for framtidsvisjonen som Star Trek er.

Eg har sett episodemeldingane av Star Trek: Picard som Red Letter Media har gitt ut i løpet av det siste året. Undervegs har det vore tydeleg at dette er ein serie som ikkje gir så stort utbytte frå episode til episode. Og denne fullstendige seriemeldinga samlar trådane, og tar for seg alle områda serien ikkje heng saman på, og kva han forsøker å formidle.

Det er eit godt alternativ å sjå seriemeldinga heller enn å sjå serien. Sjølv om seriemeldinga er på ein og ein halv time, så er det ikkje så lenge samanlikna med å sjå serien.

Mr. Plinkett's Star Trek Picard Review 2020 plakat - Filmdagbok