Mr. Plinkett's the Star Wars Awakens Review

Red Letter Media har dei siste åra gjort seg noterte med meldingar av filmar i Half in the Bag og Best of the Worst. Men det er nok med Star Wars-filmmeldingane til den oppdikta Mr. Plinkett dei sette seg sjølv på kartet.

I Mr. Plinkett's the Star Wars Awakens Review er det den i skrivande stund nyaste Star Wars-filmen som får sin gjennomgang. Men også tidlegare filmar blir gjennomgått til ei viss grad, for å skape ein bakgrunn både for filmmeldaren sin ståstad og Star Wars som franchise.

Ikkje mindre enn 1 time og 45 minuttar blir brukt på å gjennomgå det heile. På den tida kan du nesten sjå Star Wars: Episode VII - The Force Awakens.

Eg har sansen for måten Mike Stoklasa, og resten av personane som bidrar til produksjonane til Red Letter Medias, snakkar om film. Eg er sjeldan heilt einig, og opplev at dei drar nokon spøkar litt for langt, men nyt også fordelen av å vite kor dei står. Etter fleire år kan eg lettare peile inn om filmar er verdt å sjå, ikkje ut frå deira anbefalingar, men deira meiningar. Ei evne eg har vanskeleg for å meistre med andre filmmeldarar.

Mr. Plinkett's the Star Wars Awakens Review fell ikkje overraskande i smak. Han held interessa oppe ved å kommentere Star Wars: Episode VII - The Force Awakens og anna Star Wars-relatert på ein morosam og informerande måte.

No er eg blant dei som likte Star Wars: Episode VII - The Force Awakens godt. Eg vil likevel påpeke at eg godt kunne hadde brukt to timar på å sjå ei filmmelding frå Red Letter Media, sjølv om eg hadde eit inntrykk om at filmen dei snakka om var dårleg eller uinteressant for meg.

Mr. Plinkett's the Star Wars Awakens Review 2016 plakat - Filmdagbok