Mrs. Miracle

James Van Der Beek og Erin Karpluk leiar an i Mrs. Miracle, eit romantisk drama med eit par overnaturlege element.

Mrs. Miracle er ein film for sarte sjeler. Om du har lest stadige åtvaringar om filmar som ikkje er for sarte sjeler, så er Mrs. Miracle motstykket til alle desse. På sitt mest dramatiske er filmen lite dramatisk. Men filmen har nok av romantikk og er proppfull av sentimentalitet.

James Van Der Beek spelar åleinefar med tvillingar. Tvillingane er skyld i at barnepassarane sluttar ein etter ein, før Mrs. Merkle på magisk vis dukkar opp. Så har det seg sånn at Mrs. Merkle har fleire punkt på agendaen, og eit av dei er å spleise James Van Der Beek med Erin Karpluk.

Det er ingenting som utmerkar seg på ein måte som gjer Mrs. Miracle spesiell eller verdt å sjå. Filmen er ikkje dårleg, men heller ikkje super. Over middels er det. Skodespelet går i boks, det er ei handling med ei historie. Det er ein fin julefilm også.

Om filmen skal ha skryt så er det utelukkande for å gå den enklaste vegen frå start til slutt, utan originalitet, utan omvegar, utan noko som helst bortsett frå det ytst nødvendige for å fungere.

Mrs. Miracle 2009 plakat - Filmdagbok