Ms. Matched

Film · 2016 · · 26. november 2016
2/5

Alexa PenaVega spelar ei kvinne som jobbar som bryllaupsplanleggar, og som lev for jobben sin. Sjølv er ho singel, noko som er i ferd med å endre seg.

Inn i livet hennar kjem ein fyr som har eit heilt anna syn på bruk av pengar, enn å koste på seg eit stort bryllaup. Fyren blir spelt av ein skodespelar som eg stiller eit stort spørsmålsteikn til korleis kunne klare å lande ei sentral rolle i ein film, sjølv om dette er ein Hallmark-film. Han verkar noko mistilpassa, og har ikkje den heilt store kjemien med Alexa PenaVega.

Historia til filmen støttar seg ein del til deira samspel. Det er ei slags reise kor to ulike personar, ein drøymar og ein realist, sakte med sikkert blir trekte nærare og veks på kvarandre.

Eg vil ikkje påstå at filmen er fullstendig bortkasta. Det er ein viss form for energi og driv i dette. Men det kunne ha vore noko betre med dei rette folka. Filmen er heldigvis ikkje kjedeleg. Han er meir irriterande i sine bommertar.

Ms. Matched 2016 plakat - Filmdagbok