Much Ado About Nothing

Emma Thompson er herleg i denne William Shakespeare-adapsjonen av Kenneth Branagh, det er forresten Kenneth Branagh òg. Som tittelen seier, det er stor ståhei for ingenting, det handlar om eit par forhold og eit hav av løgner. Mykje snakking krev gode prestasjonar av skodespelarane, og dei leverer.

Handlinga er ikkje spesielt innfløkt, men humoren er vittig og språket er rikt. Og det er gøy å sjå kor langt folk her er villige til å gå for og stadfesta poenga sine og føre andre bak lyset. At stemninga er lett og tonen lys lettar på periodestykket, som elles kunne blitt tyngre fordøyeleg.

Much Ado About Nothing 1993 plakat - Filmdagbok