Mud

Mud handlar om to unge gutar som møter ein mann på rømmen, formar eit vennskap med han og vil hjelpe han å møte att den store kjærleiken hans.

Matthew McConaughey er mannen på flukt og Reese Witherspoon er den store kjærleiken. Men dei mest imponerande prestasjonane er det unge Tye Sheridan og Jacob Lofland som står for. Ettersom Mud framstår som ein lågmælt film, er skiten i uttrykket og går for ei form for realisme, er det ukjente ansikt og gode skodespelarar som Tye Sheridan og Jacob Lofland som passar best inn. Matthew McConaughey har gjort bra roller i bra filmar dei siste åra, og er det også i Mud. Men han hamnar i lag med Reese Witherspoon i roller som hamnar litt på sida av dei beste sidene til Mud.

Som ein oppvekstfilm er dette passe bra. Det er alvorleg, truverdig på sitt vis, og passe eventyrleg. Filmen brukar litt for lang tid på å komme i gang, og drar ut innimellom. Men med nokon gode poeng, dramatikk og alvor så leverer han nok til at eg totalt sett lar meg underhalda. Om eg ikkje lar meg rive med, så er det eit par dramatiske scener som eg kan engasjere meg for.

I det store og heile hamnar Mud i ei gruppering av gode filmar, men det er ingenting spesielt ved han. Kanskje bortsett frå at filmen har eit særprega uttrykk som eg nok vil hugse han for, visuelt og miljøet.

Mud 2012 plakat - Filmdagbok