Mutiny on the Bounty

Film · 1935 · · 31. august 2006
4/5

Mutiny on the Bounty sendte meg i første omgang på ei samanlikningsferd til Bronenosets Potyomkin-land, men eg oppdaga etter kvart at dette var ein mykje meir omfattande film.

For det første er det lyd, for det andre varer han ein time lengre, og for det tredje er større variasjon i kulissane. Men begge filmane fortel noko som faktisk har hendt, og dei gjer det begge på ein god måte.

Eg fekk ikkje med meg opninga på filmen, noko som irriterer meg litt, men kom heldigvis rimeleg fort inn i kven som var kva. Og ikkje langt ut i filmen hadde alle fått sin plass i filmen. Kapteinen som den grufulle styresmakta. Dei pysete offiserane som ikkje torte å gjere anna enn å lyde pent, og mannskapet som blei behandla som ville dyr.

Det ligg i lufta heilt i frå starten av at det kjem til å skje noko, noko som eg fint hadde fått med meg om eg verken visste namnet på filmen eller noko av historia til han. Men det tar litt for lang tid før det skjer. Filmen hastar ikkje av garde i dei andre delene av filmen heller, utan at eg skal klage på det. Men slutten kom aldri. Eg gjorde meg klar til å slå av og det var igjen eit kvarter.

Likevel likte eg filmen, og klarte å fortrenge eit par gjesp og kjenne spenninga dirre på båten, føle hatet mot Bligh, engasjere meg i rettssaka og nyte dei kvite strendene på Tahiti.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Mutiny on the Bounty 1935 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land