My Best Friend's Wedding

Julia Roberts blir invitert i bryllaupet til sin livslange mannlege venn Dermot Mulroney. Og for første gang i deira lange vennskap innrømmer ho for seg sjølv at ho likar han meir enn ein venn, sånn som han har likt ho i mange år.

I dagane før bryllaupet set ho seg difor eit mål om å splitte han og Cameron Diaz, for å få han for seg sjølv.

Stort sett så er ikkje My Best Friend's Wedding meir enn ein heilt kurant romantisk komedie. Men i løpet av den siste halvtimen tar det seg opp. Filmen er aldri overraskande, og ingenting uventa skjer siste halvtime heller, men det viser seg at grunnlaget som er lagt i løpet av filmen var godt. Kjenslene som kjem til overflata her er rørande, og utfallet er truverdig. Gitt rammene til filmen.

Utover dette var vel det strengt tatt få høgdepunkt. Midt på treet elles er det beste eg kan sei, i tillegg til kurant heilskap. Ein del av det som avgjer dette for meg er miljøet, som er bygd opp rundt og før eit tradisjonelt filmbryllaup. Dette er ein av klisjeane eg i løpet av åra har gått grundig lei. Bryllaup på film må vere spesielt før eg kjem i rett stemning.

Men så har me då Julia Roberts her, og ho strålar nok til å sette alt dette litt i skuggen. Og det går greitt.

My Best Friend's Wedding 1997 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. august 2015 av

Regissør

P.J. Hogan

Manusforfattar

Ronald Bass

Skodespelarar

Julia Roberts, Dermot Mulroney, Cameron Diaz, Rupert Everett, Philip Bosco, M. Emmet Walsh, Rachel Griffiths, Carrie Preston (I), Susan Sullivan (I), Christopher MastersonVis alle 83 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om My Best Friend's Wedding