My Big Fat Greek Wedding 2

Oppfølgjaren til My Big Fat Greek Wedding frå 2002 gjer som forventa, og leverer ei trygg historie med kjente verkemiddel og grep som sette sitt preg på forgjengaren.

Før nokon av oppfølgjarane i nyare tid har eg med god grunn vore skeptisk, då dei ofte prøver å gjere alt i større skala. Mens forgjengarane ofte har vore meir jordnære. Heldigvis unngår My Big Fat Greek Wedding 2 mykje av dette. Det er teikn til at enkelte karakterar har mist sin hensikt, men handlingane som skjer er jordnære nok.

No er eg ingen stor fan av My Big Fat Greek Wedding, men tykte han var fornøyeleg nok. Det same har eg å seie om My Big Fat Greek Wedding 2, som er kurant tidtrøyte og stort sett ein glad film.

Det kunne ha blitt betre om me fekk komme nærare innpå Toula, Ian og deira dotter. Men ønsket frå dei som har laga filmen er kanskje å spele på kaos ved å heile tida inkludere mange karakterar.

My Big Fat Greek Wedding 2 2016 plakat - Filmdagbok