My Big Fat Greek Wedding

Film · 2002 · · 7. april 2016
3/5

To kulturar møtes i My Big Fat Greek Wedding. Søt musikk oppstår mellom greskætta Toula og Ian som ikkje er gresk. Hennar far er svært opptatt av at alt skal vere gresk for dei, og har trøbbel med å akseptere Ian.

Elles er det mest komedie i denne filmen. Familien til Toula er gigantisk og fullpakka av stereotypar. På motsett side er det den knøttvesle familien til Ian som er typisk konservative i oppførsel og stive i haldning.

Det er ein artig film, sjølv om det aldri tar helt av. Romantikken hamnar i baksetet, og både Toula og Ian står i kø om å vere tøflar. Det er det greske elementet som tar styringa, og det er heilt greitt. Det gir filmen ei klar rolle, og tar han litt unna mange romantiske komediar om motsetningar og hinder.

My Big Fat Greek Wedding 2002 plakat - Filmdagbok