My Bodyguard

Clifford blir mobbeoffer på den nye skulen han byrjar på. Det tar ikkje lang tid før situasjonen eskalerer og han blir nøydd til å gjere noko med saka, og han bestemmer seg for å skaffe seg ei livvakt.

Når mobbaren blir spelt av ein ung Matt Dillon og livvakta av Adam Baldwin, gjer det ingenting at unge Clifford er den heller ukjente Chris Makepeace, som forresten gjer ein god innsats i denne filmen.

Linderman (Adam Baldwin) har vore fråverande frå skulen igjen, og over tid bygd seg opp eit rykte som både drapsmann og mental ustabil. Men som den einaste personen Moody (Matt Dillon) er redd, ser ikkje Clifford nokon utveg om å overtale Linderman til å bli livvakta hans på skulen.

My Bodyguard er ein fin film om eit vennskap, og behandlar mobbeproblemet på ein tilfredsstillande måte ovanfor eit publikum som forventar rettferd. Men mest av alt er dette ein underhaldande film på grunn av den tause, mumlande Linderman. For fans av serien Firefly er det som å sjå karakteren til Adam Baldwin derifrå i ein fjern barndom.

Matt Dillon gjer det òg godt som mobbar, og blir eit med ein person du berre må hate. Det blir lite ved filmen som verkar å gå for langt, og det gjer at både vennskap og mobbinga får den merksemda som dei bør.

My Bodyguard 1980 plakat - Filmdagbok