My Chauffeur

Film · 1986 · · 8. mars 2012
2/5

Casey Meadows (Deborah Foreman) blir hyra inn til å køyre limousin i eit firma som stort sett består av konservative, gamle menn. Casey er den strake motsetnaden og møter motstand, både i arbeidsmiljøet og i oppdraga.

Men jenta har sin måte å gjere ting på. Kontrastar blir til komedie, og oppi det heile er det litt familiedrama og ei kjærleikshistorie.

At kontrastar blir til komedie er nok å overdrive, men er det filmen prøver på. Casey er ein fargeklatt som har både utstråling, energi og er problemløysande. Bak ein enkel fasade og ei famlande formidling ligg det ei oppfordring til 1980-talsungdommen om å ta tilbake ungdomstida, eller ta ho med seg vidare.

Premissane for filmen var ikkje dei heilt store, men gang i handlinga og karakterar kan gi eit feil bilde. Eg forventa difor verken det eine eller det andre, men håpa som vanleg at humor og gangen i handlinga skulle komme tydeleg nok fram.

My Chauffeur brukar for lang tid på å etablere seg til at filmen kjem godt ut av det. Tilsynelatande tilfeldige sekvensar pregar første halvdel. Me får seint ein grunn til å verkeleg like Casey, som innleiingsvis burde fått tid til å vise oss kvifor me skal like henne. Heller det enn å gå rett i kjekkasrollen.

My Chauffeur blir ei tynn suppe, med nokon få sekvensar her og der til å like.

My Chauffeur 1986 plakat - Filmdagbok