My Cousin Vinny

Film · 1992 · · 2. april 2007
4/5

Joe Pesci dukkar opp som fetteren med jusutdanning når Willy (Ralph Macchio) med kamerat vert arrestert for overlagt drap i Alabama. Eit drap dei ikkje er skuldige i. Advokatkostnadar er gjerne høge, og Vinny trår til gratis. Men fyren har brukt seks år på å fullføra eksamen og har inga tidlegare rettserfaring.

Med seg har Vinny sin trulova, Liz (Marisa Tomei), som verken ser eller høyrest spesielt smart ut. Så trår dama til med imponerande og munnrappe ordfrasar etter kvart, som er ein fryd å høyra på. Ikkje den typen rolle eg forbind med Oscar-nominasjonar, men bra.

Sjølve rettssaka filmen bygg seg rundt er nok eit døme på at manusforfattarane har gjeve blanke i truverd. Underhaldningsverdien er likevel ikkje noko å klaga på, Joe Pesci som eg vanlegvis har problem med å tåle er ikkje spesielt irriterande. Marisa Tomei er ein fryd å sjå på. To timar går fort unna.

My Cousin Vinny 1992 plakat - Filmdagbok