My Darling Clementine

Dette var eigentleg ein treg westernfilm, der historia i seg sjølv verken er komplisert eller lang. Det er ingen problem å følge tråden, og dette gjer han til det eg likar å kalle ein avslappande film. Henry Fonda, som spelar den avslappa Wyatt Earp, gir meg assosiasjonar til John Cleese. Han har det same smilet, likevel om han ikkje er ein komikar.

Tema er ganske greitt, det handlar om kjærleik og hat, stort sett. Og kampen mellom det gode og vonde. Likevel om du ikkje får gå inn i hovudet på folk, er det enkelt å lese tankane deira, og veldig enkelt å sjå kven som er meint å vere smart eller dum. Wyatt Earp, viss bror blir drepen i byrjinga, blir ikkje skjelven av kva som helst.

Som ei kort oppsummering: Ikkje den mest spennande westernfilmen, men Wyatt Earp er ein karakter som det går an å følge med på, og difor blir filmen heilt grei.

My Darling Clementine 1946 plakat - Filmdagbok