My Family (2000–2011)

Serie / 27. mars 2014
3/5

Ein av favorittseriane mine frå Storbritannia, om ein litt rar tannlege og den litt rare familien hans. Dei strevar alltid etter å fungere normalt, med ein smart son, ein dum son og ei manipulerande dotter, og kona som er grufull til å lage mat. Også må eg nemne, at alle ungane er ute etter å presse faren for pengar når sjansen skulle by seg. Yngstemann bryr seg heller ikkje alltid om å spørje før han handlar.

Det er ikkje så lett å forklare kva som er bra med serien, så han må gjerne opplevast. Slik som med Arrested Development, og mange andre suksessrike situasjonskomediar er det ein kombinasjon av originale folk og vitsar som gjer utslaget.

Eit par småting på slutten. Det verkar som My Family bruker mindre latterboks enn vanleg, likevel om det er der. Og sesongane er rimeleg korte, noko som gjer at dei fleste går fort unna.

My Family er meste ein familiesituasjonskomedie, og blir både for mild og tåpeleg innimellom til at det totalt sett kan bli ein klassikar for min del. Men som ein lett serie å følge med på når tida strekk til, så går han seg fort til.

My Family 2000-2011 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

BBC

Skapar

Fred Barron

Skodespelarar

Robert Lindsay, Zoë Wanamaker, Gabriel Thomson, Daniela Denby-Ashe, Keiron Self, Siobhan Hayes, Kris Marshall, Rhodri Meilir, Tayler Marshall, Daisy Donovan

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om My Family

Forfattar