My Girlfriend's Boyfriend

Film · 2010 · · 7. oktober 2015
2/5

Med ein tittel som My Girlfriend's Boyfriend så kan du trur eg ber om det, når eg så seier at filmen var dårleg. Men mi erfaring tilseier at mange gode filmar har lurt seg bak ein enkel tittel lik denne, og at det er verdt forsøket.

Her handlar det om ein fyr som er forfattar, som møter ei kvinne som han startar å gå på stemnemøte med, men så startar ho også å gå på stemnemøte med ein annan fyr. Og stort meir komplisert enn dette er ikkje filmen, før ein teit slutt.

My Girlfriend's Boyfriend er litt for typisk og tam, men det verste er det irriterande forsøket til filmen på å vere smart. Eg kan i grunn ikkje røpe så mykje meir her utan å avsløre slutten. Grunnen er ikkje at dette er ein film verdt å sjå og vere uvitande om slutten om, men fordi det ikkje er verdt å formulere det på ein interessant nok måte til at det framstår teit nok.

Filmen har i det minste Alyssa Milano for seg. Forbi det opplagte ytre leverer ho også ei truverdig framføring, og hennar tilnærming i situasjonane med karakterane Ethan og Troy får fram litt av romantikken som filmen absolutt burde hatt meir av.

IMDb-logo
My Girlfriend's Boyfriend 2010 plakat - Filmdagbok